NoMoreLyrics - lyrics database of all music genres and a lot of soundtrack lyrics
Browse by artist:   A B C D E F G H I J K L M N O P Q R S T U V W X Y Z #
Deutsch Nederland French Italiano Türkçe Russian Arabic Hebrew
Home >> COR SCORPII >> Helvetesfossen
Album: Monument (2008)

Helvetesfossen

Futen på Hafslo var ein hardsett mann, som
bøndene ikkje hadde mykje hug til.
Dei reiste for å klage til kongen i
København og der måtte dei vente 3 dagar i
slottsgarden til fånyttes, for dei fekk ikkje
bere fram klaga.

Difor vart dei tvungne til å gjere vendereis,
med vilje til å drepa futen.
Når futen såg sognebøndene komme,
skjønte han kva som ville skje om dei fekk
tak i han.

Han flykta til hest, med bøndene hakk i hæl,
heilt til ferda enda ved den ville
Helvetesfossen i årøyelva.

I desperasjon freista han å hoppe over elva,
men ramla av berget på den andre sida og
gjekk lukt i fossen.




All lyrics are property and copyright of their owners. All lyrics provided for educational purposes only.
Copyright © 2003-2019 No More Lyrics .net